FolkehelsaCarl Frode Tiller – Folkehelsa.

«Folkehelsa» er Carl Frode Tillers første skodespel. Det blei skrive til Trondheim Open 1 i 2007 og fekk strålande meldingar. «Folkehelsa» er eit tett kammerspel, der handlinga utelukkande går føre seg ved eit middagsbord. Rundt bordet sitt ulike familiemedlemmer, og dei slit med å snakke saman. Med si heilt sjeldne innsikt i rollespel og hersketeknikkar har Tiller skapt karakterar som misforstår kvarandre og kranglar, sjølv om dei i eigne auge har gode intensjonar. Slikt oppstår det godt og tragikomisk skodespel av, om det overmette Noreg, der det einaste som av og til bind familiane saman, er maten.

Advertisements