Det som ein gong varMagnhild Bruheim – Det som ein gong var.

Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt. Den unge Live er skarp, livleg og morosam. Og vi får eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Heile tida ligg det eit mørke under som varslar om kva som skal komme.

Boka er på nynorsk.

Reklamer

Vårt daglege brødÅsmund Bjørnstad – Vårt daglege brød : Kornets kulturhistorie.

Bak dei krava som bakaren stiller til godt brød og bryggeria til godt øl, ligg genetiske variantar som menneske har merka seg, tatt vare på og utvikla. Gjennom meir enn ti tusen år har ulike samfunn jorda rundt dyrka fram eit stort biologisk mangfald i våre viktigaste kulturplanter. Vårt daglege brød formidlar denne mangslungne kulturhistoria, der innsiktar frå den molekylære plantebiologien avdekker at plantenes DNA er ei fascinerande forteljing i seg sjølv. Norden ligg i skjæringspunktet mellom dei store brødkulturane i Europa. Kornartane vi er mest kjende med, har alle sitt opphav i det varme Midtausten. Likevel kunne bygget nokre få tusen år seinare mogne så langt nord som til Alta. Kva mutasjonar gjorde dette mogleg? Kva rolle spelar menneske for kornet og kornet for mennesket? Kan den makelause auken i kornproduksjonen på 1900-talet halde fram, og kan vi møte behovet for mat i 2050, når kornet òg skal rekke til drivstoff og industriråvarer?

Boka er på nynorsk.

Nasjonale prøverMaria Tryti Vennerød – Nasjonale prøve.

Ein skuleklasse skal ha nasjonal prøve. På naboskulen har dei fått truslar om ein skulemassakre, men rektor seier at prøven må gå sin gang. Klassens bråkmakar, Vidar, er utvist, og fleire blir urolige for at det er han som står bak truslane. Eit drama om mistru og frykt for det som er annleis.

Boka er på nynorsk.

Jon Fosse poet på Guds jordCecilie N. Seiness – Jon Fosse : Poet på Guds jord.

29. september 2009 fyller forfattaren og dramatikaren Jon Fosse 50 år. Denne portrettboka fortel om barndom og ungdom i Strandebarm, studietid og journalistår i Bergen og vegen fram til forfattardebuten i 1983. Journalisten Cecilie Seiness tar oss med inn i Fosse sitt diktarunivers og presenterer sentrale tema i forfattarskapen. Ho har fulgt Fosse på teaterscener i Europa og høyrt kva skodespelarar og instruktørar har å seie om han. Gjennom samtalar fortel Fosse sjøl om sitt syn på eiga diktning, tvil og tru, suksessen heime og i utlandet.

Boka er på nynorsk.

Fange 59Aina Basso – Fange 59 : Taterpige.

Trondheim, 1749. Maria er tater og hamnar på tukthus. Der må hun tilpasse seg miljøet på innsida av murane.

Boka er på nynorsk.

Noveller i samlingFrode Grytten – Noveller i samling.

 

I denne boka er alle Frode Gryttens noveller samla. Samlinga viser forfattarens veg frå medrivande barndomsskildringar til kompliserte kjærleikshistorier. Historiene skildrar avstanden mellom menneska som burde vere nærast, men og håp og opningar mot lykka. Frode Grytten debuterte i 1983, og har skrive bøker i dei fleste sjangrar. Han fekk Brageprisen for Bikubesong i 1999.

 

Nynorsk språk.

Der har vi deg, jaRunar Dahle – Der har vi deg, ja.

 

I desse syv novellene møter vi nokre personar som ikkje er sikre på kvar dei har kvarandre. Dette er forfattarens debut.

Nynorsk språk.